Hjem
Nye signeringar for samarbeidslaget Skriv ut E-post
onsdag 17. mars 2010 21:37

Samarbeidslaget fekk denne veka underskifta til to nye spelarar som dermed melder seg på i kampen om startplass i Tor Eivind Karlsen sin startoppstilling i første seriekamp 10 april. Les meir under.

I hard konkurranse med klubbar som Viggo, Fyllingen 2, Skansemyren, og ikkje minst dei to repektive spelarane sine sofaer, trakk A/L det lengste strået og sikra seg underskifta til Stian Vik Birkestrand og Espen Dahle.

Espen Dahle  er ein 84 modell med 90 kampar for Austrheim sitt seniorlag. Dahle er truleg mest aktuell for ein plass på A/L si midtbane, men kan òg nyttast i forsvar. Dahle har i oppkøyringa satsa hardt på å forbetre løpskapasiteten sin og har eit nytt veddemål gåande med ikkje ukjende Anders Moen, om kven som dreg sigeren i land på ein 3000 meter.

Stian Vik Birkestrand høyrer også til 84 årgangen og har notert seg for totalt 41 kampar for Austrheim sitt seniorlag. Birkestrand kjempar mest truleg om ein backplass på 2010 utgåva av samarbeidslaget. Elles kan de nemnast at Birkestrand er mannen bak den populære bloggen "Stians Corner". Link til bloggen finn du på dene sida under "lekkjer"

Sist oppdatert onsdag 17. mars 2010 21:53
 
A-lag neste kamp
Radøy/Manger
-
Austrheim/Lindås
A-lag tabell
Valestrand Hjellvik
22
53
Loddefjord
22
52
Djerv
22
41
Radøy/ Manger
22
41
Laksevåg
22
37
Sandviken
22
35
Norges Handelsh
22
35
Ny-Krohnborg
22
35
Voss 2
22
14
Fusa Fotball
22
14
Rosendal
22
11
Austrheim/ Lindås
22
9
Austrheim / Lindås Idrettslag, Adresse 1, 5943 Austrheim
post@a-lag.com