Hjem
Tor`s tippetips for runde 1 Skriv ut E-post
fredag 09. april 2010 21:19

Tor Eivind Karlsen har for alvor fått tatt opp spådomskunsten, først med sine pågåande tabelltips, og no med sine tips for første serierunde. Tipsa finn du under.

Laurdag:

Djerv - Loddefjord: Denne kampen vert nok av dei fleste rekna som rundas storoppgjer. Det er to lag som har klåre ambisjonar om å rykkja opp og vil truleg selgja seg dyrt i denne kampen. Det vert mest truleg jamnt men eg trur det fell ned på heimebanefordel og det faktum at Djerv nyleg slo Lyngbø i jakta på cupfinalebillett på Ullevål. Loddefjord derimot hadde ein ditto dårleg generalprøve med tap for Skjergard.

Tips: 2-1

 

Laksevåg - Fusa fotball: To lag som er levna små sjansar for å overleva i avdelinga. Etter at tabelltipset mitt var gjort kom det meg for øyra at Laksevåg har fått ei røys av Viggospelarar. Dette vil nok heva Laksevåg men ikkje nok til å kunne redda fornya kontrakt. Likevel trur eg dei drar i hamn ein grei siger mot Fusa fotball.

Tips: 5-2

 

Voss 2 - Ny-Krohnborg: Uhyre vanskeleg kamp å spå utfallet av. Umogleg å sei kva lag Voss 2 stablar på beina. Isolert sett er Ny-Krohnborg favorittar i mine auge men eg trur dei berre vinn med knapp margin.

Tips: 2-3

 

NHH - Radøy/Manger: To lag som eg forventar vil befinna seg rundt midten av tabellen. Dette vert truleg jamnt og eg trur radværingane klarar å karra til seg et poeng.

Tips 2-2

 

Rosendal - Austrheim/Lindås: Denne kampen er flytta til kunstgraset i Rosendal utan at det bør spilla for stor rolle for nokre av laga. Rosendal har som tidlegare nemt fått ny trenar på plass og forhåpentligvis for dei også ein ekstra gnist. Austrheim/Lindås har ikkje imponert i vinter og slit med skadeproblem i dei bakre rekkjene. Dette kan gå begge vegar men klart me vinn…..

Tips: 1-3

 

Sundag:

Valestrand/Hjellvik-Sandviken: V/H har til tider imponert resultatmessig i vinter og har god støtte frå publikum på heimebane. Sandviken er nyleg nedrykka frå 3 divisjon utan at eg veit nok omeir enn det. Trur V/H tek seg greit av dette.

Tips: 4-1

 

Sist oppdatert fredag 09. april 2010 21:36
 
A-lag neste kamp
Radøy/Manger
-
Austrheim/Lindås
A-lag tabell
Valestrand Hjellvik
22
53
Loddefjord
22
52
Djerv
22
41
Radøy/ Manger
22
41
Laksevåg
22
37
Sandviken
22
35
Norges Handelsh
22
35
Ny-Krohnborg
22
35
Voss 2
22
14
Fusa Fotball
22
14
Rosendal
22
11
Austrheim/ Lindås
22
9
Austrheim / Lindås Idrettslag, Adresse 1, 5943 Austrheim
post@a-lag.com