Hjem
Tor`s tips for runde 2 Skriv ut E-post
fredag 16. april 2010 21:44
Karlsen traff nokså bra med tips frå førre runde, og me presenterer no tipsa for runde to. Diverre er det i skrivande stund allereie klart at eit av tipsa til Karlsen ikkje gjekk inn.

14.04.10 Austrheim/Lindås-NHH

Desse to laga tjuvstartar den andre runden med kamp i kveld på Austrheim stadion. Båe lag gjekk på tap i sine fyrste kampar og er nok sugne på å kunne revansjera dette. Rapportane seier at NHH fekk ein av sine raske vingar strekkskada og nok er ute mot A/L. A/L på si side må klara seg utan midtstoppar Endre Brandtun frå forrige kamp.

Bana på Austrheim var eit fort for A/L i fjor der spissparet Daae og Langøy var framtredande. Eg spår eit tett og jamt oppgjer der det laget som orkar og vil mest på den tunge bana kan gå seirande ut. Difor A/L-siger….

Tips: 3-1

 

16.04.10 Fusa fotball-Valestrand/Hjellvik

Som tippa og forventa tapte Fusa fotball førre runde medan Valestrand/Hjellvik vann. Dog utan å imponera veldig. Likevel framsto dei som eit solid kollektiv og vann altså på for dei ein dårleg dag. Ei styrke i seg sjøl. Eg har spådd at Fusa fotball vil få store problem i år og det står eg fortsatt på sjølv om dei har henta inn rutinerte karar som Marius Reikerås og Øyvind Nordtvedt. Dette bør V/H greit ta seg av sjølv om kampen går på gras.

Tips: 1-4

 

17.04.10 Sandviken-Djerv

To lag frå fjorårets tredjedivisjon. Djerv med storsiger mot sterke Loddefjord sist medan Sandviken lenge var godt med i borteoppgjeret mot Valestrand/Hjellvik. Djerv verkar å vera sterke og dei skårer mykje mål. Eg trur difor at dei vil bli meir enn ei handfull for Sandvikenlaget.

Tips: 1-3

 

17.04.10 Ny-Krohnborg-Laksevåg

Båe lag tok full pott i forrige runde. N/K tronar i tillegg på toppen av tabellen etter eit sterkt resultat borte mot Voss 2. Rapportane tyder likevel på eit resultat godt i overkant etter spel og sjansar. Laksevåg hadde god kontroll på Fusa fotball sjølv om dei berre vann 2-1. Eg trur N/K vert for sterke i dette oppgjeret og tek seg greit av dette.

Tips: 3-0

 

17.04.10 Loddefjord-Rosendal

Loddefjord tapte medan Rosendal vann fyrste kamp. Urovekkjande for Loddefjord å sleppa inn heile 7 ballar mot Djerv medan Rosendal tok ein litt heldig siger mot Austrheim/Lindås. Loddefjord har si styrke i det offensive og det skal Rosendal få merka. Eg trur dei vert mange hakk for små i dette oppgjeret og eg går for ein klar siger for eit revansjesugent Loddefjordlag.

Tips: 5-1

 

18.04.10 Radøy/Manger-Voss 2

R/M overbeviste stort mot NHH. At dei heldt nullen bakover er i seg sjølv eit stort pluss for R/M som har ein tradisjon i å lekkja i begge endar av bana. Kan hende ser me allerede no effekten av inntreden til Sindre Erstad i midtforsvaret. Voss 2 er eit ungt lovande lag som var heilt på høgde med Ny-Krohnborg i store delar av kampen sjølv om resultatet til slutt vart stygt. På Sletta vert det fysisk fotball der eg trur dei meir garva R/M-spelarane kjem best ut.

Tips: 3-1

 
A-lag neste kamp
Radøy/Manger
-
Austrheim/Lindås
A-lag tabell
Valestrand Hjellvik
22
53
Loddefjord
22
52
Djerv
22
41
Radøy/ Manger
22
41
Laksevåg
22
37
Sandviken
22
35
Norges Handelsh
22
35
Ny-Krohnborg
22
35
Voss 2
22
14
Fusa Fotball
22
14
Rosendal
22
11
Austrheim/ Lindås
22
9
Austrheim / Lindås Idrettslag, Adresse 1, 5943 Austrheim
post@a-lag.com