| Tor`s tips for runde 3 |
|
|
| onsdag 21. april 2010 19:33 |
|
Tor Eivind Karlsen imponerte stort med tips for førre runde. No prøver han seg igjen, og i iveren etter å få alle rett strekker han seg denne runden særs langt.
Underteikna traff med samtlege kampar utanom oppgjeret mellom A/L og NHH forrige runde. Kan hende syner det seg at hjartet tek ein for stor plass når ein skal tippa resultatet for samarbeidslaget……Runde 3 startar fredag med kampar heile helga.
23.04 Valestrand/Hjellvik-Ny-Krohnborg Dette er rundens desiderte storoppgjer. Båe lag har opprykk som målsetning og begge står med 6 poeng etter to kampar. Ingen av laga har derimot imponert veldig til trass for den gode poengsankinga. V/H har tradisjonelt sett hatt eit særs godt tak på bygutane for Ny-Krohnborg og dei vann 6-0 og 6-1 i dei innbyrdes oppgjera i fjor. I år er eg imidlertid trygg på at Ny-krohnborg vil selja seg adskilleg dyrare og spår eit jamt oppgjer på Furubakken. Tips: 2-1
23.04 Radøy/Manger-Laksevåg Fortsatt uvisst om denne kampen går på graset på Sletta eller på kunstgraset i Grønålen. Båe lag har hatt ei god innledning på sesongen der R/M står med full pott medan Laksevåg tapte sist mot sterke Ny-Krohnborg. Laksevåg hadde lenge Ny-Krohnborg i kne men måtte gje tapt på slutten. Uavhengig av underlag trur eg R/M fortset i same spor og tek seg greit av Laksevåg. Tips: 3-1
23.04 Loddefjord-Austrheim/Lindås Heimelaget står med smått utrulege 10-10 i målskilnad på to kampar. Liten tvil om det er bakover på bana skoen trykkjer for Loddefjord. Austrheim/Lindås har berre skåra 2 mål hittil i sesongen og det kan verka som om dei slit med å få sentrale spelarar i nok form. A/L har fleire usikre kort då det er fleire som slit med småskadar. Dette trur eg vert i tøffaste laget for strilane og at Loddefjord vert for sterke denne gongen. Tips: 4-2
24.04 Rosendal-Sandviken Rosendal kom kjapt ned på jorda med tap mot Loddefjord i forrige runde. Sandviken står med 0 i poengtabellen etter tap mot sterke motstandarar som Valestrand/Hjellvik og Djerv. I utgangspunktet er Sandviken eit sterkare lag enn Rosendal men eg trur på ei lita overrasking her og går for ein sjeldan U. Kampen går mest sannsynleg på gras og dermed aukar sjansane for Rosendal. Tips: 2-2
24.04 Djerv-Fusa fotball Djerv har som venta opna sesongen sterkt og står med full pott mot gode motstandarar. Fusa fotball fekk nesten eit reultat i kampen mot Valestrand/Hjellvik men i staden for poeng vart det 3 raude kort og ditto soning i denne kampen. Dei suspenderte er nokre av dei meir sentrale deriblant kaptein Frode Koldal. Diverre for fusingane vert dette alt for tøft og eg er redd dette kan verta stygt. Særs stygt…. Tips 7-0
25.05 Voss 2-NHH Botnoppgjer om ein kan prata om slikt etter to spelte rundar. 2 lag med mange gode fotballspelarar og utfordringa er få dei til å jobba i lag på ein best mogleg måte. NHH vil sakna Kristoffer Thuen som er ute etter raudt kort i forrige omgang. Voss 2 har vore på høgde med Ny-Krohnborg og Radøy/Manger spelemessig men det nokre urutinerte laget står likevel att med 0 poeng. Viktig kamp for båe lag der eg trur klokskapen og rutinen til NHH vert utslagsgjevande. Tips: 1-2
|











A-lag neste kamp