Hjem
Tor`s tips for runde 4 Skriv ut E-post
onsdag 05. mai 2010 15:29

Trenar Tor Eivind Karlsen sine tips for runde fire finn du under. Runden tjuvstartar med Austrheim/Lindås sitt bortoppgjer mot Voss sit andrelag i kveld.

 

 

05.05

Voss 2-Austrheim/Lindås:

Dette er eit av to botnoppgjer denne runden. Voss 2 rapporterast å ha vore godt med spelemessig i alle dei 3 kampane dei har spela til no. Diverre for dei står dei likevel med 0 i poengprotokollen. A/L har og slitt i innleiinga på sesongen og står med fattige eit poeng. I denne kampen manglar dei i tillegg begge kantspelarane som har stått for dei måla A/L har laga til no. Eg vurderar oppgjeret som heilt ope der innsats og rutine vert heilt avgjerande…

Tips: 1-2

 

07.05

Fusa fotball-Rosendal:

Rundens andre botnoppgjer. Etter å ha slått A/L i fyrste runde har Rosendal tapt klårt mot Loddefjord og Sandviken. Fusa fotball har knepne tap om ein ser bort i frå oppgjeret mot Djerv der dei mangla fleire sentrale spelarar. Oppgjeret går mest truleg på gras utan at dette vil favorisera nokre av laga. Eg held ein knapp på Fusa fotball her og trur dei får sine fyrste poeng fredagskvelde.

Tips: 4-2

 

Radøy/Manger-Valestrand/Hjellvik

To lag som står med full pott etter tre spelte kampar. Liten tvil om at Sindre Erstad har spela ei avgjerande rolle for å få skikk på radveringane. Valestrand/Hjellvik overbeviste stort i forrige runde med å vinna greit mot Ny-Krohnborg. Dette kan verta spanande, ikkje minst av den grunn at oppgjeret mest truleg går på Sletta og ikkje i Grønålen.

Tips: 1-2

 

Sandviken-Loddefjord

Endeleg vann Sandviken og det gjortde dei med stil sist mot Rosendal. Loddefjord har heva seg etter tapet mot Djerv. Sjølv om Loddefjord heldt nullen i forrige kamp kunne ein sjå klåre svakhetsteikn i dei bakre rekkjene. Imidlertid er dei særs sterke framover og dette trur eg Sandviken vil kunne merka.

Tips: 2-3

 

Ny-Krohnborg-Djerv

Nok eit toppoppgjer. I tillegg er dette og eit lokaloppgjer med høg prestisje. Ny-Krohnborg skuffa nok seg sjølve litt sist med tapet for Valestrand/Hjellvik medan Djerv har krusa igjennom sine kampar til no. Eg trur Djerv vert sterke og i denne kampen men at dei vil få meir motstand enn i det siste.

Tips: 1-3

 

08.05

NHH-Laksevåg

Rundens einaste laurdagsoppgjer. NHH toppar per dags dato tabellen men med fleire spelte kampar enn dei andre laga. Verkar å ha kome meir i siget enn tidligare i sesongen. Laksevåg veit eg lite om men dei har ein siger samt eit heiderleg tap for Ny-Krohnborg. Sist tapte dei 4-1 for Radøy/Manger der radveringane leia 4-0 etter 25 minutt.

Tips: 2-0

 
A-lag neste kamp
Radøy/Manger
-
Austrheim/Lindås
A-lag tabell
Valestrand Hjellvik
22
53
Loddefjord
22
52
Djerv
22
41
Radøy/ Manger
22
41
Laksevåg
22
37
Sandviken
22
35
Norges Handelsh
22
35
Ny-Krohnborg
22
35
Voss 2
22
14
Fusa Fotball
22
14
Rosendal
22
11
Austrheim/ Lindås
22
9
Austrheim / Lindås Idrettslag, Adresse 1, 5943 Austrheim
post@a-lag.com