| Tor`s tips for runde 5 |
|
|
| tysdag 11. mai 2010 18:08 |
|
Nyleg måtte den første trenaren i 4. divisjon ta sin hatt og gå. Trenar Tor Eivind Karlsen utrykker i sine tips for denne runden, kollegial støtte til sin trenarkollega. Tips finn du under. Ny runde med nye muligheter…..her er rundens fasit..
12.05 Loddefjord-Fusa fotball To lag i kvar si ende av tabellen. Loddefjord med overbevisande innsats sist mot Sandviken medan Fusa fotball fekk sitt føyrste poeng i heimeoppgjeret mot Rosendal. Trenar for Fusa fotball og styret har ”vorte einige om å skilja lag” som det heiter utad. Innad heiter det vel meir å gje trenaren sparken. Eg kjenner for lite til kva som ligg bak men om det er slik som rykta seier at nokre av spelarane har vore misnøgde kan det verka som ei lettvint løysing å fjerna trenaren. Uansett trenarskifte og den effekten det kan ha vert dette lett for Loddefjord. Tips: 5-1
Djerv-Radøy/Manger Begge laga avga sine fyrste poeng sist. Eg anser dette oppgjeret som ganske ope då Djerv manglar nokre sentrale spelarar. Kan hende dei vert klare til kampen. Radøy/Manger var mykje nærmare eit positivt resultat mot Valestrand/Hjellvik enn det resultatet skulle tilsei. Kan som sagt gå begge vegar men heimebanefordel avgjer i Djerv si favør. Tips: 3-1
13.05 Rosendal-Ny-Krohnborg Ny-Krohnborg med mykje baklengs dei siste kampane. Det samme gjeld Rosendal som til gjengjeld er eit svakare lag enn Ny-Krohnborg. I utgangspunktet er Ny-Krohnborg klåre favorittar i dette oppgjeret men om kampen hadde vore på tippekupongen ville eg gått for ein HB-variant. Her kan det komma ein skrell. Tips: 2-4
15.05 Valestrand/Hjellvik-NHH Nok eit toppoppgjer for Valestrand/Hjellvik. NHH er komen i siget men gjekk på eit overraskande nederlag for Laksevåg sist. Fleire av spelarane har nok mest fokus på mikro og makroøkonomi i desse dagar og mindre på fotball. Uansett er NHH sterke defensivt men dette vert for tøft mot det jamnt besatte Valestrand/Hjellviklaget. Sjå ikkje bort frå at dødballspesialistane frå Osterøy avgjer dette nok ein gong. Tips: 2-0
16.05 Laksevåg-Voss 2 Laksevåg med sterk bortesiger sist mot NHH. Voss 2 fekk sitt fyrste poeng i 2-2 kampen mot Austrheim/Lindås. Her vert det mykje rutine mot ungt pågangsmot og talent. Diverre for Voss 2-gutane vert dei høgst truleg for lette i dette selskapet. Men sjå ikkje bort frå ei lita overrasking også her. Tips: 2-1
19.05 Austrheim/Lindås-Sandviken To lag som ikkje har starta som dei hadde håpt på. Dei er snart nøydde for å plukka fleire poeng om dei ikkje skal komma meir på etterskot i forhold til øvre halvleik på tabellen. Eit forholdsvis ope oppgjer der eg held klubben min som ein liten favoritt på grunn av heimebanefordelen. Tips: 2-1
|











A-lag neste kamp