Hjem
Daniel skiftar beite Skriv ut E-post
tysdag 18. mai 2010 10:30

Daniel Waage har ikkje heilt uventa bestemt seg for å forlate Austrheim/Lindås-laget. Meir overraskande var beskjeden om at det truleg er vår naborival Radøy/Manger som får nytte av Waage sine kvalitetar framover. Under takkar trenar Tor Eivind Karlsen Waage av etter drygt 2 sesongar i den lyseblå trøya.

Daniel Andersen Waage har bestemt seg for å melda overgang til Radøy/Manger. Han har vore med frå oppstarten av samarbeidslaget. Etter å vore kaptein fyrste sesongen var han i fjoråret ute store delar grunna skade. I år har han spela samtlege seriekampar utan at han har heilt fått det til å stemma slik han kan på sitt beste. Daniel gjer uttrykk for at han har tenkt gjennom situasjonen grundig og at han treng eit miljøskifte for å finna tilbake lysten på fotballspeling.

Eg tykkjer det er eit særs uheldig tidspunkt å forlata ein klubb på midt i vårsesongen. I tillegg har Daniel synt lite vilje til dialog før ein bestemmelse vart teken. Når det er sagt er det ein hobby me bedriver i fjerde divisjon og så for tida visa om graset er grønare på den grøne øya. Eg vil med dette få takka Daniel for samarbeidet, han har til tider vore ein bidragsytar på bana for oss. Han er velkommen tilbake ein annan gong og eg ynskjer han lukke til i Radøy/Manger.

 

Tor-Eivind Karlsen, trenar A/L.

 

 

Sist oppdatert tysdag 18. mai 2010 10:40
 
A-lag neste kamp
Radøy/Manger
-
Austrheim/Lindås
A-lag tabell
Valestrand Hjellvik
22
53
Loddefjord
22
52
Djerv
22
41
Radøy/ Manger
22
41
Laksevåg
22
37
Sandviken
22
35
Norges Handelsh
22
35
Ny-Krohnborg
22
35
Voss 2
22
14
Fusa Fotball
22
14
Rosendal
22
11
Austrheim/ Lindås
22
9
Austrheim / Lindås Idrettslag, Adresse 1, 5943 Austrheim
post@a-lag.com