Hjem
Informasjon om Dana Cup Skriv ut E-post
onsdag 23. juni 2010 09:17

Det nærmar seg årets stor "juniorhappening" når unggutane skal ut på reis til det store utland. Reisekoordinator Bernt Veland kjem under med naudsynt informasjon til alle reiseklare.

Det nærmar seg ferie og her kjem litt informasjon om juniorlaget sin tur til Dana Cup. Følgjande spelarar er påmeldt: Kristoffer, Bjørn Harald, Jonas B, Espen, Are, Sindre F, Øyvind, Martin, Ole Fredrik, Sondre, Ole, Robert, Marius, Frank, Gunnar og Sindre M. I tillegg blir Tor Hermansen (far til Kristoffer), Sigmund Nævdal (far til Bjørn Harald), Erling Solheim og Gerd Sætre (foreldre til Robert) med.

Det blir ikkje organisert fellestransport til Kristiansand så dette må organiserast på eigenhand. Sindre M. og Marius har gitt beskjed om at dei har bil med. I tillegg reknar eg med at Sigmund Nævdal og Tor Hermansen kjører? Erling/Gerd har også med bil. Vi har reservert 6 plassar til bil, gje beskjed snarast viss det er fleire som skal kjøre.

Alle tek båten frå Kristiansand søndag  25. juli kl. 19. Frammøte er seinast 1 time før avgang. Ankomst Hirtshals er kl. 22.15. Reknar ikkje med det er nødvendig å bestille transport frå Hirtshals til Hjørring sidan det skal vere nok bilar med.

I Hjørring blir det innkvartering på skule, kva for ein skule det blir vil vere klart i veke 27. Alle må ta med sovepose og liggeunderlag. Det blir full forpleiing frå middag 26. juli til lunsj 31. juli.

Når det gjeld motstandarar i turneringa blir dette klart ca veke 27.

På returen går båten kl 06.15 søndag 1. august. Frammøte er seinast 1 time før avgang. Ankomst Kristiansand kl 9.30. På returen er det bestilt frukost til alle i restauranten.

Viser elles til info på heimesida til Dues Sportsreiser som vi har bestilt hjå.

http://dues.no/turnering/dana-cup.aspx

Dan Cup si heimeside:

http://www.danacup.dk/

Satsar på at vi arrangerer eit infomøte når det nærmar seg avreise. Skulle nokon ha spørsmål, ta kontakt med underteikna.

Mvh

Bernt Veland

Mob 91687731

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa

 

 
A-lag neste kamp
Radøy/Manger
-
Austrheim/Lindås
A-lag tabell
Valestrand Hjellvik
22
53
Loddefjord
22
52
Djerv
22
41
Radøy/ Manger
22
41
Laksevåg
22
37
Sandviken
22
35
Norges Handelsh
22
35
Ny-Krohnborg
22
35
Voss 2
22
14
Fusa Fotball
22
14
Rosendal
22
11
Austrheim/ Lindås
22
9
Austrheim / Lindås Idrettslag, Adresse 1, 5943 Austrheim
post@a-lag.com