| Tap i ny jamn kamp |
|
|
| sundag 01. mai 2011 20:53 |
|
Det vart tap 2-0 i dagens bortekamp på Ågotnes mot Nordre Fjell. Austrheim leverte ein dårlig første omgang, men tok over i andre og hadde gjerne fortent eit poeng kampen sett under eitt. Austrheim fekk ein elendig start med mål i mot etter 2-3 minutt. Resten av omgangen var heller ikkje god og heimelaget styrte oppgjeret. Mamadee Kabba leverte det lille Austrheim hadde av offensive bidrag denne omgange, eit av raida hans på venstrekanten enda i med stolpeskot. I andre omgang var det gutane i gult som overtok initiativet, men når uttellinga uteblir så skjer det som ofte skjer, motstandar kontrar inn eit mål og Nordre Fjell avgjorde kampen med 2-0 få minutt før slutt. Både Espen Dahle og Stian Andre Tolleshaug hadde gode forsøk på stillingen 1-0 til heimelaget. Men nokre svært gode redningar frå Nordre Fjell sin keeper hindra utlikning.
|











A-lag neste kamp