Hjem
Tap mot Telavåg Skriv ut E-post
sundag 08. mai 2011 16:39

Austrheim manla 10 spelarar til bortekampen mot Telavåg og stillte berre lag på grunn av velvilje frå gamle veteranar som stillte opp. Kampen enda med 1-0 siger til heimelaget. Etter det rapportane frå kampen går ut på skal heller dommaren ha æra for at poenga vart verande på Telavåg, enn motstandarlaget.

Austrheim prøvde å appelere til både Telavåg og Hordland fotballkrins for å få flytta denne kampen, då jobb, skadar, konfirmasjon, etc, gjorde at 10 spelarar var uaktuell for å spele denne kampen. Telavåg var ikkje interessert i å imøtekomme førespurnaden og tvinga gjennom kampen til oppsett dag og tid.

Det skulle vise seg at Telavåg haldt fram med den dårleg sportanda si når dei entra bana. Etter det rapportane frå kampen går ut på så burde Austrheim etter 15 minuttars spel hatt eit straffe, samt at Telavåg burde vore redusert til 9 mann etter to grisetaklingar på Anders Langøy og Are Førde. Dommaren nøydde seg med eit gult kort. Det var ikkje noko særleg med finspel, det var heller ikkje bana god nok til. Det var derfor to lag som slo mykje langt på kvarandre. Det stod 0-0 til pause.

Etter omlag 70 minutt fall avgjersla då Telavåg fekk kontre etter ein corner til Austrheim. Hans Martin Martinussen i Austrheimburet melder om at det var det einaste skotet han fekk på mål i denne kampen. Ingen av laga produserte noko særleg med målsjansar.

Austrheim er no ferdig med tre bortekampar på rad og gjer seg klar for å for alvor starte poenginnhaustinga mot Nordnes på ulukkesdagen fredag 13. mai.

Me ynskjer å takke dei spelarane som stillte opp slik at me klarte å gjennomføre denne kampen!

Sist oppdatert sundag 08. mai 2011 16:53
 
A-lag neste kamp
Radøy/Manger
-
Austrheim/Lindås
A-lag tabell
Valestrand Hjellvik
22
53
Loddefjord
22
52
Djerv
22
41
Radøy/ Manger
22
41
Laksevåg
22
37
Sandviken
22
35
Norges Handelsh
22
35
Ny-Krohnborg
22
35
Voss 2
22
14
Fusa Fotball
22
14
Rosendal
22
11
Austrheim/ Lindås
22
9
Austrheim / Lindås Idrettslag, Adresse 1, 5943 Austrheim
post@a-lag.com