Hjem
Årets første siger Skriv ut E-post
måndag 13. juni 2011 22:40
Austrheim tok sin første seriesiger i 2011 då Austevoll 2 vart slått 3-2 i Austrheim idrettspark. I ein svært sjanserik og spanande kamp hadde heimelaget marginane med seg og drog i land alle poenga.

Austrheim hamna under nokre minutt før pause, men Stian Andre Tolleshaug utlikna berre minuttet etterpå, slik at ein kunne gå til pause med 1-1. Den første halvleiken var spekka med sjansar til begge lag. Espen, Dahle, Martin Ystebø og Bjørn Harald Nævdal hadde alle gode høve til å føre heimelaget i leiinga, men var ikkje dyktig nok i dei avgjerande situasjonane. Austevoll 2 var nærmast med eit knallhardt tverrleggjarskot i denne omgangen, i tillegg varta Hans Martin Martinussen opp med fleire særs gode redningar gjennom heile kampen.

Austrheim avgjorde kampen i løpet av dei tre første minutta i 2. halvleik. Først var det eit raid på høgresida til Austrheim som enda med eit innlegg frå Espen Dahle. Framføre mål møtte Even Haugland fint på første stolpe og fekk sett inn leiinga til heimlaget frå kort hald. Eit minutt seinare fekk Austrheim corner frå si venstreside. Martin Ystebø sitt innlegg vart møtt av Stian Andre Tolleshaug som var god og sterk i duellen med ein Austevollspelar og kunne nikke inn 3-1. Austevoll reduserte til 3-2 på ein corner eter 55 minutt. Derifrå og inn til dommar blas av var det ein stor påkjenning for oss som stod på sidelinja å sjå på. Skadar førte til at Austrheim måtte foreta ein del endringar og rokeringar i laget. Spisskjempa Karl Ludvig Daae spela dei siste 15 minutta som stoppar i spann med ein for dagen god Sindre Manger. 

Det var eit svært fornøgd Austrheimlag som kunne sleppe jubelen laus då dommaren blas av kampen. Mykje å sette fingeren på også i dag, men i dag fokuserer me på dei tre poenga. Nemnde Hans Martin Martinussen var saman med Kjartan Ervik dei to beste for heimelaget i dag, også tomålsskårar Stian Andre Tolleshaug viser seg som ein viktig mann for laget. 

Neste kamp vert heime mot Ny-Krohnborg på måndag 20. juni. Møt opp og støtt oss i jakta på ein ny trepoengar!

Sist oppdatert måndag 13. juni 2011 22:43
 
A-lag neste kamp
Radøy/Manger
-
Austrheim/Lindås
A-lag tabell
Valestrand Hjellvik
22
53
Loddefjord
22
52
Djerv
22
41
Radøy/ Manger
22
41
Laksevåg
22
37
Sandviken
22
35
Norges Handelsh
22
35
Ny-Krohnborg
22
35
Voss 2
22
14
Fusa Fotball
22
14
Rosendal
22
11
Austrheim/ Lindås
22
9
Austrheim / Lindås Idrettslag, Adresse 1, 5943 Austrheim
post@a-lag.com