Hjem
Nytt tap for juniorlaget Skriv ut E-post
sundag 19. april 2009 17:51
Juniorlaget møtte Flaktveit sundag ettermiddag på Austrheim stadion. Trass i at heimelaget nok ein gong produserte ein del sjansar enda det med eit nytt tap og ein ny kamp utan scoringar for heimelaget. Det enda til sist med eit 0-5 tap, noko som ut i frå spel og sjansar var i overkant.

På ei flett ny kunstgrasbane, som faktisk var ganske flott, tok Osterøy imot Austrheim/Lindås til dyst. Og dyst skulle det bli, for kampen kunne svært lett ha vippa begge vegar.

Det var bortelaget som kom best i gang i solskinet på Osterøy, og for første gong i år var det samarbeidslaget Austrheim/Lindås som gjekk i føringa. Marius Fredriksen slo eit kort hjørnespark til Jonas Buene. Buene trilla ballen tilbake til Fredriksen, som omtrent frå 16-meterstreken ekspederte ballen vidare i nettmaskene bak heimelaget sin keeper. Bortelaget styrte kampen ei lita stund etter dette også, men etter kvart tok Osterøy meir og meir over kampen, og skulle også få utlikninga like før pause, då eit skudd endra retning i Sindre Hodne Manger, og gjekk i mål bak ein sjanselaus Fanebust.

Også andre omgang var av den svært jamne sorten, og begge lag såg sjansen til å ta tre poeng. Begge lag kjempa seg til sine sjansar, og banespelet var jamnt. Det skulle berre kome eit mål til, og uheldigvis var det heimelaget som sto for dette, med eit vakkert skudd frå like utanfor 16-meteren, og slik ebba kampen ut. Kampens einaste kort vart gitt til heimelagets Markus Fossdal, etter gjentatte etterslengar. Godt sett av dommaren, som gjorde ein meget bra kamp, og hadde kontroll frå start til slutt. Eit ekstra stort pluss til dommar Myrvold, som sannsynligvis gjorde den beste dommarjobben vi kjem til å få sjå i år.

Nok eit 1-2 tap for Austrheim/Lindås, men kampen gav oss all mogleg grunn til å reise heimatt med heva hovud, då kampen klart viste at juniorane er på rett veg.

Sist oppdatert tysdag 26. mai 2009 21:07
 
A-lag neste kamp
Radøy/Manger
-
Austrheim/Lindås
A-lag tabell
Valestrand Hjellvik
22
53
Loddefjord
22
52
Djerv
22
41
Radøy/ Manger
22
41
Laksevåg
22
37
Sandviken
22
35
Norges Handelsh
22
35
Ny-Krohnborg
22
35
Voss 2
22
14
Fusa Fotball
22
14
Rosendal
22
11
Austrheim/ Lindås
22
9
Austrheim / Lindås Idrettslag, Adresse 1, 5943 Austrheim
post@a-lag.com