Hjem
Tor`s tippetips for runde sju Skriv ut E-post
måndag 18. mai 2009 13:58
Trenar Tor Eivind Karlsen hadde 50 % utteljing på sine tippetips for runde seks. Reknar med at han går for ein betre score når han tek for seg runde sju. Under finn du Tor`s tippetips.

Kjøkkelvik - Austevoll 2

Heilt ope oppgjer. Ligg an til ei målrik affære som kan gå begge vegar. Held likevel at erfaringa til Kjøkkelvik vert avgjerande.

Tips: 3-2

 

Nordnes - Gneist 2

Vanskeleg å tippa Gneist 2 fordi dei stiller med ulike lag til einkvar tid. Nordnes er nøydt for å plukka trepoengarar snart om dei ikkje skal bli verande i botn.

Tips: 3-3

 

Floppen - Austrheim/Lindås

A/L fekk bank her i fjor og er nok lysten på revansje. Floppen skårar mykje men er og gåvmilde i andre enden av bana. A/L skal normalt sett vera eit betre lag.

Tips: 1-3

 

Trane - Fusa fotball

Rundens toppoppgjer. Båe lag har imponert så langt i sesongen. Eg trur Trane dreg fordel av heimebane og dreg i land ein knapp siger.

Tips: 2-1

 

Eidsvåg - Flaktveit 2

Båe lag fekk skikkeleg på trynet i førre runde. Eidsvåg er eit klart sterkare lag enn Flaktveit 2 og vinn komfortabelt.

Tips: 5-1

 

Strandebarm - NBK 2:

NBK 2 er verkeleg komen i siget og ser no sjansen til å henga seg på i toppstriden. Strandebarm må snart vinna men eg trur dei enno lyt venta på sigeren.

Tips: 0-2

 

Sist oppdatert måndag 08. juni 2009 14:56
 
A-lag neste kamp
Radøy/Manger
-
Austrheim/Lindås
A-lag tabell
Valestrand Hjellvik
22
53
Loddefjord
22
52
Djerv
22
41
Radøy/ Manger
22
41
Laksevåg
22
37
Sandviken
22
35
Norges Handelsh
22
35
Ny-Krohnborg
22
35
Voss 2
22
14
Fusa Fotball
22
14
Rosendal
22
11
Austrheim/ Lindås
22
9
Austrheim / Lindås Idrettslag, Adresse 1, 5943 Austrheim
post@a-lag.com